På Kleiveland Gard tar Ingfrid og Erling imot grupper frå 6–50 personar. Her får oppleve koseleg stemning med levande lys og saueskinn, peis og stor terrasse. Skjenkeløyve for øl og vin. Ta kontakt for avtale. Du kan komme med bil/buss eller båt. Frå Bergen tek turen 1 time og 10 min med bil.


Kleiveland Gard er ein unik plass for:

  • Feiring av dagar
  • Familiesamankomer
  • Lag og organisasjonar
  • Seminar for bedrifter
  • Pensjonistgrupper
  • Blåtur
  • Guida fjordtur
  • Guida fjelltur
  • Intimkonsertar


Vi arrangerer guida fjelltur og tur med båt til laksegiljene på Askildneset. Du får kome opp på laksegiljene og få forteljing av ein erfaren laksefiskar om korleis dette særmerka fisket gjekk føre seg fram til det vart freda i 1993.