Kleiveland Gard ligg ved Osterfjorden på Osterøy der vegen stoppar. Her er det mektige fjell og fine område for ulike  opplevingar og aktivitetar. Fram til 1983 var Kleiveland ei bygd utan veg. Då var det kun båttransport på fjorden som gjaldt. Nærleiken til fjorden gjorde at folk livnærte seg av fisken i fjorden mellom anna laksefiske med gilje og sitjenot.

På Kleiveland Gard er låven gjort om til selskapslokale. 

Her tek tek vi imot grupper med gjester etter avtale. Sesongen er mai til september. Då kan du få eit godt måltid heimelaga mat med tilhøyrande drikke og få forteljingar og sjå videoar om korleis det spesielle laksefisket gjekk føre seg.


Vi tilbyr òg aktivitsdag for familiar, intimkonsertar og andre arrangement. Desse annonserer vi på Facebook.


I underetasjen, i det nyrestaurerte fjøset, tek vi imot grupper etter avtale og serverer pizza med meir frå den vedfyrte steinovnen.